ARKIV Gradering i gymsalen ved HSH på Rommetveit. Lørdag 11. juni kl 11.00. Møt kl. 10.00. Les meir om rutinar ved betaling i samband med gradering. ¤¤¤
TRENINGSTIDER FRAM TIL GRADERING: Nordbygdahallen vert stengt for all ordinær trening f.o.m. 1. juni. Me har difor sett opp alternative treningstider i gymsalen ved Rommetveit skule. Desse treningane er opne for alle parti. Det vil i all hovedsak bli terping på graderingspensum. Torsdag 2. juni vert erstatta med laurdag 4.juni frå 13.00-14.30 Mandag 6 juni vert det trening frå 16.30-18.00 Torsdag 9.juni vert erstatta med onsdag 8.juni kl. 20.30-21.30 (NB! Gje Frode melding dersom du ønskjer å nytta deg av tilbodet 8.juni) ¤¤¤
Oversikt over dugnad m.m. i samband med sommarleiren finn de her. (11.05.11) ¤¤¤
Laurdag 7. mai, vert det show kl. 10.45, og felles bowling med ein gratis runde for alle medlemmane kl. 12.30. Hugs også tilvist dugnadsansvar (02.05.11). ¤¤¤
Gradering laurdag 2.april på Rommetveit. Oppmøte til oppvarming: kl. 11.00. Graderinga startar kl. 12.00. Vel møtt! ¤¤¤
Gradering 2.april. Minner om nye betalingsrutinar.(26.03.11) ¤¤¤
Vestlandscup 27.mars i Laksevåghallen. Ope for alle frå 10 år, minimum 9. gup. Generell info her. (15.03.11) ¤¤¤
Nye rutinar i samband med graderingar. Kun forhåndsbetaling. Les meir her.(10.03.11) ¤¤¤
Referat frå årsmøtet 22.01.11. (25.01.11) ¤¤¤
Norgescup 29. januar, Laksevåghallen i Bergen. Ope for alle som fyller 14 år i 2011, med 4.gup eller høgare. Regionalt stevne for 12-13 år på samme arrangement. Meir informasjon kjem på e-post til dei det gjeld. (endra 22.01.11) ¤¤¤
Stort oppmøte på årets siste trening. Det var blanda trening med både leik, stafettar og knusing. TAKK FOR I ÅR OG GOD JUL TIL ALLE! VEL MØTT TIL TRENING 6. JANUAR.(10.12.10) ¤¤¤ JULEGRADERING I GYMSALEN PÅ ROMMETVEIT 05.12.10. Møt opp til betaling og oppvarming kl.11.00. Start kl. 12.00. Enkel servering, og sal av T-skjorter og overtrekksjakker. Vel møtt! (28.11.10) ¤¤¤
Grunna skifte i årstid og føreforhold, vert fellesjoggen lagt på is til varmare tider. Men fortsett uthaldstreninga på andre vis, eller til andre tidspunkt, på eiga hand.(23.10.10) ¤¤¤
"FORSVAR MOT KNIVANGREP" 4-timers treningskurs i sjølvforsvar laurdag 13.november. Ope for alle medlemmar. Sjå invitasjon på /1384047.PDF(12.10.10) ¤¤¤
TRENING I HAUSTFERIEN: Mandag og torsdag : kl. 18.00-19.30 Det vert lagt opp til eigentrening, evt sparring. Frode er til stades og kan rettleiia. Vel møtt!!(10.10.10) ¤¤¤
"Fellesjoggen" vert kl. 12.00, 2.oktober. Oppmøte ved inngangen til Hystadmarkjo i båthavna. Vel møtt!(02.10.10) ¤¤¤
RAUDBELTETRENING!! Laurdag kl.13.30- kl.15.00 i gymsalen på Rommetveit.(24.09.10) ¤¤¤
Joggeøkta laurdag 25.sept. starter kl 11.00 i båthavna, ved Hystadmarkjo. Alle spring tur retur til bommen 2 gonger. Det passar ikkje for Vigdis denne dagen, men alle andre sprekingar må stilla i finaveret;) Vel møtt og god tur! (oppdatert 24.09.10) ¤¤¤
Vi har fått treningstider ved Nordbygdo fleirbrukshall. Treningstidene er som før.(28.08.10) ¤¤¤
Invitasjon til treningsleiren på Grand Canaria er klar! Sjå menyvalg=37 for meir info.(11.08.10) ¤¤¤
I haust vert treningstilbodet utvida med ei utandørs uthaldsøkt. Alle er velkomne til å delta, også familiemedlemmar vert oppmoda om å delta. Denne økta er lagt til laurdagar kl. 11.00, og vil for det meste føregå i Hystadmarkjo. Oppmøte i båthavna. (10.08.10) ¤¤¤
Ingen tvil om at sommarleiren var "place-to-be". ¤¤¤
Sommarleiren byrja med tordendrønn, men det vart etterkvart ei strålande veke på alle vis, for både ungane og arrangørane. Me i styret vil takka ungar og vaksne, som har vore med og teke eit ekstra ansvar i samband med kiosken. GOD SOMMAR TIL ALLE! (02.07.10) ¤¤¤
Dei yngste sin dag!! Dobbel gradering for Stian Rykkje, 9 år. Les meir om graderinga på menyvalg=54 (13.06.10) ¤¤¤
Informasjon vedrørande dugnad under sommarleiren finn de på menyvalg=52. (endra 13.06.10) ¤¤¤
Vår 2010:
Gradering søndag 13. juni. Møt opp kl. 11.00 for registrering og oppvarming. For meir info om graderinga, sjå menyvalg=43 (07.06.10) ¤¤¤
Vestlandscup 3 og aktivitetsdag for born 8. mai på Sotra. Påmelding til Frode innan 6. mai. Sjå menyvalg=31 for meir info.(25.04.10) ¤¤¤
Flott innsats på graderinga i helga. Bilete og info på menyvalg=48. Denne veka er Frode på studietur, så Helge og Runar har ansvar for treningane. (23.03.10) ¤¤¤
Laurdagstrening 20.mars, frå kl. 13.00 - 15.00. Vi terpar på graderingpensum.(20.03.10) ¤¤¤
Påskegraderinga vert 21. mars i gymsalen på Rommetveit. Meir info på menyvalg=43 (endra 10.03.10) ¤¤¤
Vestlandscup 3, er avlyst p.g.a. Irish open er lagt til same dag.(09.03.10) ¤¤¤
Vi fekk i dag melding om, at gymsalen vert stengt for trening, på torsdag 18. februar, grunna arrangement i skuleregi. Ta gjerne initiativ til trening i uke 8 eller i helga. Spør Frode om nøkkel. (17.02.10)
Treninga mellom kl. 18.00-19.00 i dag er avlyst grunna arrangement i skuleregi. (04.02.10) ¤¤¤
Topplaget med de 20 beste frå Beijing Sport University, gjev et spektakulært Kung Fu-show i Haukelandshallen laurdag 06.02.10, kl. 18.00. Gratis entre. (03.02.10) ¤¤¤
Dramatisk vendig i finale på Vestlandscup i helga. Meir info og bilder ligg på menyvalg=45 (25.01.10) ¤¤¤
Referat frå årsmøtet ligg på menyvalg=46 (18.01.10) ¤¤¤
VESTLANDSCUP 2, LAURDAG 23. JANUAR!! Påmeldingsfrist: 20. januar. For meir info; menyvalg=31(08.01.10) ¤¤¤
Haust 2009:
Vi må dessverre meddele at treninga på mandag veke 49, går ut grunna endringar i skulen sin timeplan på kveldstid. Det vert difor sett opp ei ekstra trening laurdag 5. desember kl. 12.00- 13.30. (24.11.09)Velkomne til oppstart torsdag 7.januar. (27.12.09) ¤¤¤
Frå januar 2010 senkjer me aldersgrensa til 6 år, og utvidar treningstilbodet for dei under 12 år. Sjå menyvalg=23 for meir informasjon.(07.12.09) ¤¤¤
Invitasjon til sommarleiren på Stord, er lagt ut på menyvalg=38 (07.12.09) ¤¤¤
Gratulerer med vel overstått gradering!
Fleire bilete: menyvalg=44 (06.12.09)
|  | ¤¤¤
JULEAVSLUTNING PÅ BOWLINGEN 7/12, kl. 18.00! Klubben spanderer ein runde på alle medlemmane.(06.12.09) ¤¤¤
Vedrørande søndag 6/12: Oppvarming kl. 12.00. Sjølve graderingen starter kl. 13.00. Det vert sal av klubbartiklar, og utlevering av bestilte varer. Enkel servering.
Påmelding og betaling av 250,- til Frode på torsdag- eller laurdagstreninga. Siste sjanse: kl. 12.00 på søndag. (01.12.09) ¤¤¤
¤¤¤
Viktig endring!! Vi har nyleg fått melding om å framskynde fristen for tinging av utstyr, fordi dei som leverer varer skal til VM i Argentina. Ny frist er 17.november.(endra 14.11.09) ¤¤¤
Lyst på ein familietur til Bergen? Laurdag 28.november brakar det laus med kampsportfestival i Laksevåghallen for alle opp til 12 år. Arrangementet er gratis. Påmelding innan tysdag 17.november. Invitasjon vert levert på neste trening.(10.11.09) ¤¤¤
NTN har sendt medlemspass, og vi ønskjer å få ei oversikt over alle som manglar. For å få medlemspasset klart til julegraderinga, må de ta med passfoto, og alle kursbevis, evt graderingsdiplom snarast. Dersom de ikkje finn alt, så leverer de ei oversikt over det som manglar på e-post til Frode. (05.11.09) ¤¤¤
Terminplanen er oppdatert med datoar for julegradering. I år vert det sett opp ei ekstra gradering i Bergen for alle som ikkje kan koma på klubben sin graderingsdag. Merk dykk også endringar i treningsplanen for veke 48 og 50. (31.10.09.) ¤¤¤
Bilete frå Vestlandscup lagt ut på: menyvalg=42. (24.10.09.) ¤¤¤
Ordinær trening går ut på torsdag 22.oktober pga gymsalen er oppteken i skuleregi. Det vert felles utetrening for vaksne og born, med oppmøte kl. 18.30 utanfor gymsalen. (19.10.09.) ¤¤¤
STRÅLANDE INNSATS PÅ VESTLANDSCUP!!! Frode Hammer og Helge Bjelland deltok i frisparring i klassen for 6.gup - 1. gup-2, frå 18 år. Frode gjekk sigrande ut, medan Helge tok ein flott 2.plass. (18.10.09) ¤¤¤
Deltakarane på treningssamlinga melder om eit svært engasjerande opplegg. Oppmodar alle til å bli med på neste samling. Skikkeleg trøkk!! (18.10.09) ¤¤¤
Treningssamling 17.oktober i Laksevåghallen. For meir info: menyvalg=33 (endra 01.10.09) ¤¤¤
Det nærmar seg Vestlandscup 1. Påmeldingsfrist: 15. oktober. Generelt om organisering av skyss, påmelding, prisar mm, sjå: menyvalg=31. (endra 30.09.09) ¤¤¤
NB! Hugs å tinge utstyr før fristen 21.september, så slepp du fraktkostnader. Sjå menyvalg=24. (12.09.09) ¤¤¤ Minner om kvalitetskurs i Bergen, i både september og oktober. Sjå menyvalg=6 for informasjon. Ta kontakt med Frode for evt. påmelding.(09.09.09) ¤¤¤
Vi fekk i dag melding frå Rommetveit skule om, at vi likevel får våre opphavelege treningstider. Dette vil sikra både etablerte utøvarar og nybyrjarar, eit meir tilpassa opplegg. Gjeld f.o.m. veke 37. Sjå menyvalg=23 (02.09.09.) ¤¤¤
Datoar for Vestlandscup er no klare, og er lagt ut i terminplan: menyvalg=6. Klubben kjem til å arrangere samla reisefølgje til alle Vestlandscup-treff.(31.08.09.) ¤¤¤
Under sommarleiren for born, 29.juni - 3.juli, hadde Stord Taekwon-Do ansvaret for kiosksalet. Sola og ungane strålte om kapp, og vaflane gjekk unna i eit forrykande tempo. Takk til alle som stilte som vaktar, eller leverte vaffelrøre og kake. Bilete frå leiren her: =96&Itemid=1 (29.08.09.) ¤¤¤
Treningsleir på Grand Canaria januar 2010. Meld deg på her: innbydelsegrancanaria2010.pdf (22.08.09.) ¤¤¤
|